24/01/2019

Rektor/einingsleiar Flatdal oppvekstsenter

  • Seljord kommune
Rektor - Styrer Undervisning - Pedagogikk

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 01.03.2019

100% fast stilling som rektor/einingsleiar ved Flatdal oppvekstsenter. Søknadsfrist 01.03.19.

Frå 01.08.19 eller etter avtale er det ledig stilling som rektor/einingsleiar i Seljord kommune

Seljord kommune gjennomfører nå ein omstillingsprosess. Frå hausten 2019 skal barnehagane i Åmotsdal og Flatdal, Flatdal SFO og Flatdal skule bli slått saman til eit oppvekstsenter. Sentret får om lag 100 barn fordelt på 69 i skulen (45 i SFO) og 31 i barnehagen. Det vil vera om lag 37 tilsette på oppvekstsentret, med om lag 2 årsverk til leiing/administrasjon. Skulen er ein fådelt 1 - 7 skule. Det er eit godt samarbeid mellom barnehagane og skulane i kommunen om sentrale faglege utviklingsområde. Einingsleiar er fagleg, administrativ, personalmessig og økonomisk leiar av senteret og er rektor for skuledelen, medan assisterande einingsleiar er styrar for barnehagen.

Vi ser etter ein leiar som kan bygge ein ny organisasjon, sikre riktig kvalitet i tenestetilbodet og som kan bidra til å vidareutvikle oppvekstområdet.

Vi ynskjer at du:

  • Har pedagogisk kompetanse og er ein dyktig pedagog
  • Har erfaring og utdanning i skuleleiing og er ein dyktig leiar
  • Har engasjement for og ferdigheter innan skuleutvikling og digital kompetanse
  • Har ambisjonar om å skape ein god skule med gode resultat
  • Er målretta, utviklingsorientert og ryddig
  • Kan syne omsorg og interesse for den einskilde elev og medarbeidar
  • Har evne til å bygge gode relasjonar og samarbeider godt

Vi tilbyr ein spanande jobb på ein arbeidsplass med eit framoverlent og engasjert personale, og godt arbeidsmiljø. Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad. Lønn etter avtale. Arbeidsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk. Seljord kommune har nynorsk som skriftspråk. Må ha førarkort og eigen bil. Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.

Nærare informasjon hos kommunalsjef Even Fossum Svendsen, telefon 906 03 404

Send søknad på elektronisk søknadsskjema.  ID 243

 

Ansettelsesform

Fast

Søk nå