10/01/2019

Lærar ved Hauge oppvekst, inntil 3 stillingar

  • Bremanger kommune
Undervisning - Pedagogikk

Stillingsbeskrivelse

SØKNADSFRIST: 03.02.2019

Ved Hauge oppvekst er Stasjonen barnehage med tre avdelingar og Hauge skule som er ein barne- og ungdomsskule med 117 elevar. 

Vi har ledige inntil 3 stillingar som lærar i 100% for skuleåret 2019/2020. To av stillingane er faste.

Fagynskjer: tysk, norsk, matematikk, naturfag, kunst og handtverk og spesialundervisning.
Søkjarar med anna fagkompetanse kan òg søkje.


Den som vert tilsett må i tillegg til faglege kunnskapar:
• Ha gode samarbeidsevner
• Vere tydeleg og motivert leiar i klasserommet
• Vere engasjert til det beste for elevane

Gode norskkunnskapar vert vektlagt.

Bremanger kommune lønnar alle nyutdanna lærarar 25 000 kroner over minsteløn.

 Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknadsteksten i søknaden

Alle søkjarar til ledig stilling i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Kontaktpersonar:
Kåre Magne Moe 
mob: 95982948

Ansettelsesform

Fast

Søk nå