10/01/2019

Fagleiar barnevern, årsvikariat

  • Bremanger kommune
Helse - Sosial - Omsorg Ledelse

Stillingsbeskrivelse

SØKNADSFRIST: 03.02.2019

Frå 01.03.2019 til 01.05.2020 vert det ledig eit 100% vikariat som fagleiar i barneverntenesta

Fagleiar er barnevernsleiar i Bremanger kommune. 

Vi søkjer deg som er utdanna barnevernspedag, sosionom eller har høgskuleutdanning.  
Der er ein fordel om du har vidareutdanning og/eller erfaring frå arbeidet innan barnevern og leiing. 

Vi søkjer ein person som:

  • har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
  • er løysingsorientert
  • kan dataverktøy
  • kan arbeide under press
  • kunne nytte norsk munnleg og skriftleg
  • har førarkort 

 Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato. 

Bremanger kommune kan tilby: 

  • Løn etter avtale
  • God pensjonsørdning og heildøgns forsikring
  • Tilsetjing etter gjeldande lover og reglar
  • Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i eige dokument sendt til post@bremanger.kommune.noeller Bremanger kommune, pb 104, 6723 Svelgen.

Alle søkjarar til ledig stilling i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Kontaktpersonar:
Anita Brevik 
mob: +47 95 98 29 39

Ansettelsesform

Vikariat

Søk nå