05/12/2018

Sjukepleiar/vernepleiar, 100 % fast stilling - heimetenesta

  • Gol kommune
Helse - Sosial - Omsorg

Stillingsbeskrivelse

SØKNADSFRIST: 31.12.2018

Heimetenesta har ansvar for ulike oppgåver knytt til å førebygge, behandle og tilrettelegging for mestring av sjukdom, skade og nedsett funksjonsevne.

Vi ynskjer oss en sjukepleiar/vernepleiar med interesse for kvardagsrehabilitering og personsentrertomsorg (VIPS). 
Vi jobbar målretta for å gi gode tenester og å skape et godt arbeidsmiljø. 

Kvalifikasjonar:

* Autorisert sjukepleiar/vernepleiar
* Nasjonal norskprøve nivå 3/B1,bestått både munnleg og skriftlig
* Førarkort B
* Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader

Vi ynskjer at du:

* Er sjølvstendig, strukturert og tek ansvar
* Har gode kommunikasjons og samarbeidsevner 
* Har gode IKT kunnskapar - (vi bruker Gerica-systemet)
* Liker utfordringar og er faglig fokusert
* Det blir lagt vekt på personlig eigenskapar

Vi tilbyr:

* Varierte arbeidsoppgåver med mogelegheit for å påverke og utvikle tenesta
* Kurs og opplæring
* Deltaking i faglig forum
* Støtte til relevant vidareutdanning
* Dyktige, inkluderande og hyggelige kollegaer/kvardagsheltar
* Konkurransedyktig lønn med eitt rekruttere/behaldetillegg på 25.000 kr i året (v/ 100% stilling)
* Eit bredt spekter av utfordringar med pasientar i alle aldersgrupper og ulike hjelpebehov
* Tredelt turnus m/ jobb kvar 3. helg (dag og kveld)

Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggjast fram før tiltreding i stillinga 

Anna:

Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.

Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn. 

Du får berekna ansiennitet for all offentleg teneste, samt relevant privat teneste. Dersom du har vore heime med barn eller hatt anna omsorgsarbeid må du fylle det inn som arbeidserfaring. Du kan få berekna inntil 3 år med ansiennitet for omsorgsarbeid.

I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:

Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytta til registrering av elektronisk søknad, kontakt Trine Eidsgaard via Tenestetorget 32029000.

Er du ny som søkjar til stilling i Gol kommune vel du "Registrere søker" for å opprette brukarnamn og passord. Søkjarar som er, eller har vore tilsett i Gol kommune, har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store bokstavar. For å generere passord må du følgje instuksane du får når du trykker på "Glemt brukarnamn/passord", som du finn på nettsida der du søkjer stilling. Du vil då få instruksar på din e-post i Gol kommune eller den e-posten du har oppgitt til Gol kommune.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden. 

Kontakter

Navn: Marie Louise Cappelen Skråmestø
Tittel: Avdelingsleiar
Mobil: 91673952

Ansettelsesform

Fast

Søk nå