11/10/2018

Rådgjevar (1-års vikariat) til vårt fylkeskontor i Sogn og Fjordane

  • Norges bondelag
Agronom Jus Landbruk - Skogbruk - Fiske Næringsmiddelindustri Rådgiver - Konsulent

Stillingsbeskrivelse

SØKNADSFRIST: 31.10.2018

Ved fylkeskontoret i Førde har vi ledig eit års vikariat som rådgjevar frå 01.02.2019 med høve til tidlegare start.

Vi ser etter ein person som har interesse for landbruk og matproduksjon.  Har du høgskuleutdanning med kompetanse/erfaring innan juridiske fag, jordvern eller kommuneplanlegging er det flott, men ikkje naudsynt. Interesse for politikk og organisasjonsarbeid kan også vere eit fint utgangspunkt for denne jobben.

Vi kan tilby deg fleksibel arbeidstidsordning og løn i samsvar med lønsavtale. 

Førde ligg sentralt mellom Bergen og Ålesund og kan by på fantastisk natur til alle årstider.  Er du klar for å prøve noko anna enn bylivet er dette ein flott moglegheit.

Nærmare opplysningar om stillinga ved å vende deg til organisasjonssjef Merete Støfring på telefon 959 47 437 eller personalsjef Catharina Andersen på telefon 905 15 152.

Kort søknad med CV sendes innen 31.oktober 2018, til Norges Bondelag: stilling@bondelaget.no

Ansettelsesform

Vikariat

Søk nå