13/09/2018

Leiar kommunalteknikk

  • Stryn kommune
Bygg og anlegg Ingeniør - Sivilingeniør Ledelse VAR - VVA - VVS

Stillingsbeskrivelse

SØKNADSFRIST: 04.10.2018

Arbeidsområde:

Stillinga vert knytt til teknisk etat. Den som vert tilsett som leiar/assisterande leiar, vil ha ansvar for fagområda veg, vatn, avlaup, park og grønt.

Til stillinga ligg personal-, budsjett- og driftsansvar. Kvalifikasjonane til den som vert tilsett, avgjerd om det vert stilling som avdelingsleiar eller assisterande avdelingsleiar.    

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Krav om ingeniørhøgskule eller teknisk fagskule - innan eit av fagområda bygg, veg, vatn, avlaup
  • Relevant praksis er ønskjeleg
  • Personlege føresetnader, evne til sjølvstendig arbeid, arbeidsleiing og initiativ vert vektlagt
  • Datakunnskapar
  • Førarkort klasse B/C 

Vi kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Utfordrande arbeid
  • Tenester i utvikling
  • God pensjonsordning  

For stillinga gjeld:

  • Tilsetting etter gjedande lover, tariffavtale og reglement
  • Lønn etter avtale
  • Den som vert tilsett må legge fram helseattest av ny dato 

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål kan alternativt sendast pr post (vil ikkje bli returnert)  

Søkjarane er som hovudregel offentlege og det er strenge kriterie for å bli unnateke, jf.  offentleglova §25. Dersom du ønskjer å reservere deg frå offentleg søkjarliste må du grunngje det i søknaden.

Ansettelsesform

Fast

Søk nå