09/08/2018

Jordmor 70 % fast stilling

  • Vinje kommune
Helse - Sosial - Omsorg

Stillingsbeskrivelse

SØKNADSFRIST: 24.08.2018

70% fast stilling som jordmor , Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark – ID 1564

Stillinga er ledig for tilsetjing, og kan om ynskjeleg kombinerast med vikariat til stillingsstorleik 100%. 

Frå 1. januar 2018 er alle jordmortenester for Vinje, Seljord, Kviteseid og Fyresdal organisert etter vertskommunemodell § 28-1b med Vinje kommune som vert.

Døgnberedskap for fylgjetenesta er organisert som del av samarbeidet med kommunane  Tokke, Vinje, Kviteseid, Seljord, Fyresdal og STHF som deletakarar. 

Vaktbasen ligg i Seljord. Samarbeidet har 4,7 årsverk. Jordmødrene som inngår i samarbeidet skal samla sikre eit fagleg godt tilbod under svangerskap og i barseltid. Som jordmor i samarbeidet vil dine oppgåver vere knytt mot deltaking i jordmorberedskap og i kommunale oppgåver på helsestasjonane i regionen.

Sentrale oppgåver: 

- Oppfylging under svangerskap og etter fødsel 
- Vaktberedskap i turnus 
- Heimebesøk etter fødsel 
- Fødselsførebuande kurs mv 

Kvalifikasjonskrav: Jordmor 

Vi søker deg som: 

- Synest det er spennande å vere med å forme eit nytt tenestetilbod i regionen 
- Som likar å samarbeide 
- Er fleksibel

Løn etter avtale. 
Søkjar må disponere eigen bil 

Ved spørsmål om stillinga, kontakt:

Avdelingsleiar Merete Kaste tlf 408 67 335

Ansettelsesform

Fast

Søk nå