14/06/2018

Rektor Tonning skule, vikariat

  • Stryn kommune
  • Stryn, Norge
Ledelse Rektor - Styrer Undervisning - Pedagogikk

Stillingsbeskrivelse

SØKNADSFRIST: 26.06.2018

Ledig stilling - vikariat 01.08.18 - 31.07.19

Tonning skule er ein 1- 7 skule som ligg i Stryn sentrum. Det er også knytt SFO-avdeling til skulen.

Skulen har i overkant av 50 årsverk, fordelt på litt over 60 tilsette. Skulen har to inspektørstillingar.

Elevtalet ligg kring 370 elevar. 

Arbeidsoppgåver:

Rektor har det faglege og administrative ansvaret for skule og SFO. I det administative ansvaret ligg ansvar for økonomi og personalansvar for alle tilsette.

Rektor må leie og motivere dei tilsette i sitt daglege arbeid, og sørgje for at skulen vert driven i samsvar med politiske føringar og etter gjeldande lovverk.  

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Krav om pedagogisk utdanning og praksis. I tillegg er det ynskeleg med administrativ utdanning og erfaring.

Personlege eigenskapar, god samarbeidsevne og relevant praksis vert vektlagt. 

Vi kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø

  • God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse. 

For stillinga gjeld:

  • Tilsetting etter gjedande lover  og reglement

  • Lønn etter avtale

  • Den som vert tilsett må legge fram helse- og politiattest av ny dato 

Attestar og vitnemål må skannast inn og sendast samstundes med søknaden.

Søkjarane er som hovudregel offentlege og det er strenge kriterie for å bli unnateke, jf.  offentleglova §25. Dersom du ønskjer å reservere deg frå offentleg søkjarliste må du grunngje det i søknaden.

Kontaktpersonar:

Hilde Lødøen 
tlf: 57874751 

Ansettelsesform

Vikariat

Søk nå