14/06/2018

Leiar område Vest

  • Voss kommune
  • Voss, Norge
Helse - Sosial - Omsorg Ledelse

Stillingsbeskrivelse

SØKNADSFRIST: 21.06.2018

Om arbeidsstaden

Område Vest er den største arbeidsplassen i Voss kommune med 140 årsverk og eit nettobudsjett på 92 mill. kr. 

Områdeleiar har ansvar for heimetenesta i område Vest og Voss Sjukeheim med plassar fordelt på langtid og korttid; ØH senger og utgreingsplassar.

Områdeleiarr rapporterer til kommunalsjef for helse og omsorg, og vil ha ei sentral rolle i hennar leiargruppe.

Du vil få overordna resultatansvar for område Vest og må mellom anna:

  • Sørgja for at tenestene held ein fagleg høg kvalitets standard.
  • Leia og utvikla avdelinga sine medarbeidarar til eit vinnarteam.
  • Sikra ein god arbeidsflyt på eit heilskapleg grunnlag som har brukarane i fokus, og som gjer det mogeleg at flest brukarar får tilgang på våre tenester ved behov.
  • Ta initiativ til og leia utviklinga av nye konsept for omsorg i framtida gjennom tett samarbeid med andre aktørar innan helse, omsorg, utdanning og forsking. 
  • Sørgja for at verksemda til området vert halde innanfor gitte økonomiske rammer. 

Ønskte kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

- Krav om høgskuleutdanning. Helsefagleg bakgrunn er ein føresetnad. Leiarutdanning er ein fordel.
- Leiarkompetanse og leiar erfaring. Du må kunne visa til konkrete resultat frå tidlegare.
- Trygg i leiarrolla, løysingsorientert og kan ta nødvendige avgjerder.
- Evne til å skape resultat saman med og gjennom andre.
- Stor arbeidskapasitet og høg gjennomføringsevne.
- Lyst og evne til å leia ei dynamisk organisasjonseining der gode løysingar på tvers av nivå og fagmiljø er i fokus.
- Forståing for utfordringar i kommunehelsetenesta i grensesnittet mellom fag og økonomi

Me tilbyr

- Spanande og utfordrande stilling i ein kommune i utvikling, der samanslåing med Granvin kommune vil vera ei hovudoppgåve framover. 
- Eit utfordrande og kompetanseorientert arbeidsmiljø
- Konkurransedyktig løn
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Søknad

Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemålvert å ta med ved evt. intervju. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

Kontakter

Navn: Kjersti Nordanger
Tittel: Kommunalsjef
E-post: kjersti.nordanger@voss.kommune.no
Mobil: 45601401

Navn: Elin Øvstedal
Tittel: Rådgjevar
E-post: Elin.Ovstedal@voss.kommune.no
Mobil: 95262002

Ansettelsesform

Fast

Søk nå