21/02/2018

Sommarjobbar 2018

  • Austrheim kommune
  • Austrheim, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Stillingsbeskrivelse

SØKNADSFRIST: 13.03.2018

Austrheim kommune lyser no ut sommarjobbar ved ulike avdelingar. Det er særleg pleie- og omsorgstenesta som treng sommarvikarar, men også teknisk drift treng reinhaldsvikarar og ferievikarar i uteetaten.

Informasjon om stillinga

PLEIE OG OMSORGSAVDELINGA

Vi treng sommarvikarar ved følgjande einingar i pleie- og omsorgssektoren:

  • Nordliheimen - pleie
  • Nordliheimen - kjøkken/ reinhald
  • Heimesjukepleie
  • Heimehjelpstenesta
  • Teneste for menneske med nedsett funksjonsevne

Vi ynskjer søkjarar som er 

  • Ferdig med eller er studentar ved 3-årig helse/sosialfagleg utdanning, 
  • Hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar, helsefagarbeidarar
  • Kokk, assistentar, heimehjelparar, reinhaldarar.

Vi har vikariat i både heil- og delstilling. Det er turnusarbeid i dei fleste stillingane. 
Søkjarar bør vera over 18 år. Kommunale tilsetjingsvilkår.

ØVRIGE AVDELINGAR:
Det vil vera behov for vikarar for reinhaldarar ved ein del kommunale bygg og teknisk drift med førefallande arbeid.
Merk av kva for type jobb du søkjer, om du søkjer både heiltid og deltid, og kva for periode på sommaren du kan 
arbeida.

Kontakt oss på tlf. 56 16 20 00 eller e-post post@austrheim.kommune.no for å få tilsendt eige søknadsskjema for sommarjobbar.

Skjemaet ligg og på kommunen sine internettsider: www.austrheim.kommune.no.

Søkjarar må føra opp følgjande punkt i søknaden:

A. Kva for avdelingar ynskjer søkjaren å arbeida ved? Sett gjerne opp fleire alternativ.
B. Er både heil stilling og delstilling aktuelt?
C. Kva for tidsperiode er aktuell i løpet av sommaren. Kor lenge ynskjer søkjaren å arbeida?
D. Har søkjar sertifikat for bil og disponerer bil ? 

Vi kan tilby

  • Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk.
  • God pensjonsordning, KLP/SPK.

Kontakter

Navn: Wenche Myrmel
E-post: wenche.myrmel@austrheim.kommune.no
Mobil: 97562623
Arbeid: 56162113

Ansettelsesform

Ferievikar

Søk nå