Vinje kommune

Nasjonalparkkommunen Vinje byr på spanande kontrastar. Her møter kultur og folkekunsttradisjonar eit blømande og moderne næringsliv. Rolege og blide kulturlandskap møter ville og majestetiske høgfjell. Brusande elver møter stille fjellvatn.

Med eit areal større enn Vestfold fylke har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.

Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er sentra i attraktive turistområde, der ein av landets mest omfattande hytteutbyggingane har funne stad gjennom fleire år.

Inntektene frå den store kraftproduksjonen i Vinje har gjort det mogleg å utvikle eit høgt nivå på den kommunale tenesteytinga - ikkje minst innanfor skule, helse og omsorg.

20/11/2019
SØKNADSFRIST: 30.11.2019 Inntil 55% fast stilling som helsefagarbeider, ledig frå 20.01.2020 – ID 1703 Søknadsfrist 30.11.2019 Andre med relevant erfaring kan og søkje. Turnusstilling med arbeid kvar 3. helg. Me oppmodar menn om å søkje. Stillingane er knytt til bu tiltak for personar med rus og/eller psykiske utfordringar. Arbeidet er variert og utfordrande. Arbeidsoppgåvene er retta mot tett individuell oppfylgjing av bebuarar og miljøarbeid/praktisk bistand i bustad. Det er tverrfagleg team rundt kvar enkelt bebuar. Tilsette får rettleiing og undervisning regelmessig. Ynskjelege kvalifikasjonar og eigenskapar: Helsefagarbeiderutdanning Vidareutdanning og/eller erfaring innan psykisk helsearbeid Ha interesse for fagfeltet psykiatri, rus og miljøarbeid Erfaring frå arbeid med psykose pasientar og utagerande pasientar Gode norskkunnskapar, både munnleg og skrifteleg – minimum nivå B2 Førarkort klasse B. Må kunne disponere eigen bil Me søkjer etter ein sjølvstendig og resultatorientert person med gode evner til samarbeid og fleksibilitet Personlege eigenskapar vil bli vektlagt Lovkrav om politiattest  I samsvar med offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. Nærare opplysningar om stillinga ved avdelingsleiar Carsten Hald på tlf. 909 37 093. Søknad skal sendast på elektronisk skjema
Vinje kommune