Vestland fylkeskommune

1. januar 2020 gjekk Hordaland og Sogn og Fjordane saman og vart det nye storfylket Vestland. Vestland har eit samla areal på 34 055 km2 og er med det det femte største fylket i landet. Alle kommunane har kystlinje.

Det nye fylket vil vere slagkraftig med fleire tenester og nærare 650 000 innbyggarar. Det nye fylket skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylket skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterkare felles kultur og identitet på tvers av dagens fylkesgrenser, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.

08/01/2021
SØKNADSFRIST: 24.01.2021 Ved HR-seksjonen, HR-løn er det ledig heil stilling som førstekonsulent/lønsmedarbeidar frå 1. februar 2021. Stillinga inngår i eit team på 12 medarbeidarar på HR-løn, som er lokalisert i Bergen og Leikanger. HR-løn handterer alt rundt lønsutbetaling til dei 6000 tilsette i Vestland fylkeskommune. Den ledige stillinga er lokalisert til Leikanger/Bergen.  Arbeidsoppgåver Lønsarbeid (A til Å) Handtering av sjukefråvær og refusjonar Reiserekningar og utlegg Kvalifikasjonar Fagbrev innan kontorfag eller tilsvarande utdanning innan handel og kontor  Det er ønskjeleg med noko relevant høgare utdanning innan fagfeltet eller tilsvarande  God kunnskap om lov- og avtaleverk innan løn, sjukefråvær, samt reiseutlegg  Brei erfaring frå tilsvarande arbeid  Gode datakunnskaper, særleg Excel   Personlege eigenskapar Serviceinnstilt Strukturert Påliteleg Sjølvstendig Høg arbeidskapasitet Gode samarbeidsevner Vi tilbyr Løn etter tariff Gode pensjons- og forsikringsordningar Fleksibel arbeidstid Godt arbeidsmiljø Kontaktperson: Hanne Lin Øvsthus Leiar Telefon 480 24 647
Vestland fylkeskommune