Bømlo kommune ligg mellom Bergen og Haugesund og har Nordsjøen som næraste nabo. Kommunen har ca 11.800 innbyggjarar, og har eit variert og aktivt næringsliv med havet som utgangspunkt. Her er høgteknologiske miljø og mekanisk industri retta mot skipsfartsnæringa, stor rederiverksemd særleg retta mot offshoreindustri, ei ekspansiv havbruksnæring og godt utbygde handels- og servicenæringar.

Kommunen kan også by på eit godt oppvekstmiljø og eit rikt frilufts- og kulturliv. Kommunen har om lag 800 tilsette.

12/04/2019
SØKNADSFRIST: 30.04.2019 Habiliteringstenesta, pt. Askebærhaugen burettslag, har ledig fast 100% stilling for leiande miljøterapeut med tiltreding etter avtale. Alternativ turnus med lange vakter. Ved internt opprykk vert det mogleg for tilbod om terapeutstilling. Habiliteringstenesta i Bømlo kommune gjer tilbod til personar med utviklingshemming og behov for omfattande og langvarige tenester. Me er 116 årsverk som yt heildøgns tenester til 45 personar i 9 bufellesskap/burettslag, pluss dagtilbod. Me har behov for positive og fleksible medarbeidarar.   Arbeidsoppgåver:  • Utarbeide, setje i verk og evaluere tiltak og prosedyrar kring enkeltbrukara og fagleg rettleiing av kollegaer med fokus på målretta miljøarbeid. • Yta praktisk bistand og rettleiing i dei daglege gjeremåla samt legge til rette for miljø som gjev høve til god livskvalitet og personleg vekst hos den einskilde brukar. • Internt samarbeid i tenesta, samarbeid med 1. og 2. linjetenesta, verje/pårørande. • Journalføring og arbeid opp mot gjeldane lovverk. • I samarbeid med gruppeleiar koordinere den daglege drift på bustad. • Stillinga rapporterar til gruppeleiar.  Kvalifikasjonar: • 3 årig helse og sosialfagleg utdanning på bachelor nivå.  • Erfaring med målretta miljøarbeid og personar med utviklingshemming. • God norskkunnskap, både skriftleg og munnleg. • Kunnskap om Helse og omsorgstenestelova kap 9. • Personleg eignaheit og praktiske ferdigheter vert vektlagt. • Sertifikat kl. B  Personlege eigenskapar: • Me søkjer deg som er utåtvent, imøtekommande, venleg og serviceinnstilt. • Du har arbeidslyst, er målretta, lojal og ansvarsfull. • Du visar respekt for andre og ser mogelegheiter framfor avgrensingar. • Du er kreativ og bidreg til økt kompetanse og godt arbeidsmiljø ved å gje positiv og konstruktiv tilbakemelding og rettleiing. • Du er sjølvstendig men arbeider og godt i team.  Me tilbyr: • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk. • Eit levande fagmiljø med gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling saman med dyktige og trivelige arbeidskollegaer  Andre opplysningar: • Det er krav om gyldig politiattest for teneste hjå personar med utviklingshemming. • Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju. • Ved innsending av elektronisk søknad vert kvittering å rekna som stadfesting av at søknad er motteke.   Kontaktperson: Gruppeleiar Sølvi Meling Tulloch – 970 30 619
Bømlo kommune