Sveio er en kommune som ligger på en halvøy sør i Hordaland fylke. Den er den sørligste kommunen i fylket, og har bare fastlandsgrense til Rogaland. Kommunen grenser i sør til Haugesund og Tysvær, over fjorden i vest til Bømlo, over fjorden i nord til Stord og over Ålfjorden i øst til Vindafjord. Wikipedia

27/03/2019
SØKNADSFRIST: 24.04.2019 Saksnr. 19/220 Det er ledig 100% fast stilling som einingsleiar  frå 01.08.2019. Om oppvekstsenteret Valestrand oppvekstsenter ligg på Einstadbøvoll i Valestrand, ca. 25 km nord for kommunesenteret i Sveio. Valestrand oppvekstsenter har tredelt grunnskule (1.-7. trinn) med omlag 50 elevar, SFO-tilbod og barnehage med 20 born. Totalt har oppvekstsenteret rundt 11 årsverk / 15 tilsette. Omtale av stillinga Stillinga som einingsleiar ved Valestrand oppvekstsenter er ei spanande og interessant leiaroppgåve. Her får du driva og vidareutvikla både skule og barnehage. Med deg på laget har du gode og motiverte medarbeidarar. Både barnehage og skule arbeider  med dei kommunale satsingsområda for utvikling, der barnehage har fokus på språk og «være sammen», og skulen arbeider spesielt med lesing og læringsmiljø. Me søkjer ein leiar som : Har pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå og minimum tre års praksis frå skuleverket. Har erfaring frå leiing og utviklingsarbeid. Er utviklings -og samarbeidsorientert, fleksibel og kreativ                                                    Kan arbeida sjølvstendig og strukturert                                                                          Er  tydeleg og synleg. Vil både gi og ta imot rettleiing Me søkjer ein person med kompetanse og erfaring innan pedagogikk og leiing. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Me kan tilby : • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver • Godt arbeidsmiljø • God offentleg pensjonsordning • Lønn etter avtale Kontaktperson : Kommunalsjef skule, barnehage og kultur Solfrid Lier Habbestad, telefon 402 11 600 Einingsleiar ved Valestrand oppvekstsenter, Bernt Hjelmervik, telefon 947 86 053. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Godkjent politiattest må leggjast fram før ein tiltrer stillinga.  Sveio kommune oppmodar alle våre søkjarar til å nytta vårt digitale søknadssenter https://www.sveio.kommune.no/selvbetjening/     Treng du hjelp til utfylling av skjema eller tilgang til pc, ta kontakt med Servicekontoret, Sveio kommune. Tlf: 53 74 80 00  SØKNADSFRIST: 24.04.2019
Sveio kommune