Fylkesmannen er Kongen og Regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningsliner blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Fylkesmannen skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statleg verksemd i fylket og har mellom anna oppgåver innafor fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca 185 tilsette.

Samfunns-, beredskaps- og kommunalavdelinga arbeidar med ei rekkje oppgåver vi får frå ulike departement og direktorat, til dømes saker etter plan- og bygningslova, kommunelova, offentleglova, ekteskapslova, rettshjelpslova, ekteskapslova, lov om kommunal beredskapsplikt og verjemålslova. Mykje av arbeidet i avdelinga er knytt til rettleiing, tilsyn og klagebehandling. Avdelinga arbeider både med individretta saksbehandling og kommuneretta verksemd.

09/07/2019
SØKNADSFRIST: 20.08.2019 Om stillinga Fylkesmannen i Rogaland skal gjennom dialog og skriftlege uttalar, formidle nasjonale forventningar til kommunale og fylkeskommunale planar innan våre ansvarsområde. Stillinga er knytt til miljøvernavdelinga som samordnar planarbeidet vårt internt. Stillinga inngår i embetet si plangruppe der alle avdelingane våre samarbeider tett om uttalar til og deltaking i kommunane sitt arbeid med kommuneplanar, reguleringsplanar og anna planarbeid etter plan- og bygningslova. Miljøvernavdelinga har ledig fast stilling som plankoordinator. Arbeidsoppgåver gje godt samordna uttalar til planar etter plan- og bygningslova på vegne av embetet fagleg og praktisk leiing av embetet si plangruppe rapportere til embetsleiinga om planarbeidet i fylket formidling av samla sektoransvar og særleg ansvar for miljøvern i planuttalar særleg vekt på formidling av nasjonal arealpolitikk, dialog med og råd til kommunar, regionale myndigheiter og andre relevante planaktørar møte/meklingar/informasjon/seminar/foredrag Kvalifikasjonskrav du har relevant utdanning på mastergradsnivå. Aktuell utdanning er til dømes innan arealplanlegging, by- og regionalplanlegging, eigedomsfag, jus, arkitektur med arealplan, natur- og ressursforvaltning, geografi  og statsvitskap. Fagleg breidde og tverrfaglig kunnskap om samfunn og arealbruk er viktig det er ein fordel om du har relevant erfaring innan arealplanlegging og sakshandsaming etter plan- og bygningslova. Andre med gode evner, innsikt i fagområdet og brei samfunnsinteresse kan og vere aktuelle du har GIS/kartkompetanse  du har gode samarbeidsevner og god relasjonell kompetanse du kan arbeide godt så vel åleine som i lag med andre og likar å finne løysingar du skriv klart og godt språk på begge målformer Vi tilbyr viktige og utfordrande arbeidsoppgåver gode høve til fagleg utvikling og til å vidareutvikle fagleg nettverk lønn som rådgivar/seniorrådgiver kr 550 000 - kr 720 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk  god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna) godt og tverrfagleg arbeidsmiljø Det er 6 månaders prøvetid i stillinga. Fylkesmannen har som personalpolitisk mål å rekruttere kvalifiserte kandidatar uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Spørsmål om stillinga Nærare opplysingar om stillinga får du hos ass fylkesmannen Harald Thune tlf.51568810/90504510, fmrohth@fylkesmannen.no , fung. fylkesmiljøvernsjef Marit Sundsvik Bendixen tlf. 51568936/92249043,  fmromsb@fylkesmannen.no eller ass. direktør Anfinn Rosnes, tlf. 51568980/48147213.
Fylkesmannen i Rogaland