Sula kommune har om lag 9000 innbyggjarar og ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har eit rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv.

11/02/2020
SØKNADSFRIST: 24.02.2020 Då noverande økonomisjef skal pensjonere seg, søkjer vi ny økonomisjef. Som økonomisjef i Sula kommune vil du få ei viktig leiarrolle i rådmannen si strategiske leiargruppe. Du vil ha det overordna ansvar for økonomi- og rekneskapsområdet, og vere kommunen sin fagressurs innan budsjett- og økonomistyring. Hovudoppgåver Overordna ansvar for økonomi- og rekneskapsområdet Gi støtte til rådmann, kommunalsjef og einingsleiarar i økonomi- og budsjettarbeid Ansvar for utarbeiding og oppfølging av budsjett, samt finansforvaltning Utarbeide økonomiske analysar og rapportar Personal- og leiaransvar for tilsette i økonomiavdelinga Førebu økonomiske saker til politisk behandling Kontakt med finansinstitusjonar Kvalifikasjonar Høgare utdanning frå økonomi/rekneskap Relevant erfaring frå tilsvarande rolle og/eller oppgåver Erfaring frå budsjettering og planlegging God rekneskapsforståing Gode leiareigenskapar Vi søkjer deg  som har gode samarbeidsevner og kan trivest med å arbeide i skjeringspunktet mellom politikk og administrasjon. Du har gode kommunikasjonseigenskapar og godt humør, men også evne til å sette krav til dei rundt deg. Du må takle eit hektisk arbeidsmiljø som består av stramme tidsfristar, mange førespurnadar og spørsmål. Derfor er det viktig at du både kan prioritere og planlegge oppgåver, men samtidig ta ting på sparket. Er du i tillegg fleksibel, strukturert og analytisk er mogelegheitene for å lykkast i stillinga som økonomisjef hos oss i Sula kommune store. Vi kan tilby  ei stilling med varierte, spanande og utfordrande oppgåver i eit hyggeleg arbeidsmiljø med sjølvstendige og dyktige kollegaer. Du vil få ei sentral rolle i leiargruppa med høve for å påverke, utvikle og forbetre økonomiområdet. Ynskjer du meir informasjon om stillinga  er du velkomen til å kontakte vår rådgjevar i Yapril AS, Marius Halvorsen +47 922 95 786. Alle søknadar og henvendingar handterast konfidensielt, om ynskjelig også overfor oppdragsgjevar i den innleiande prosessen. I medhald av offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren blir offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Dersom ønsket ikkje vert imøtekome, vil søkjaren bli varsla om dette.
Sula kommune