Gol kommune

Gol er ein kommune i Hallingdal med ca. 4.600 innbyggjarar. Vi kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Gol har eit koseleg og innbydande sentrum, som er eit knutepunkt i Hallingdal og ein populær handleplass med mange og varierte butikkar. Kommunen har ny grunnskule og snart ny fleirbrukshall, god barnehagedekning og eit variert skuletilbod innan vidaregåande skule

10/01/2022
SØKNADSFRIST: 24.01.2022 Gol arbeidssenter er ein del av Miljøterapitenesta og er eit dag- og aktivitetstilbod til vaksne med nedsett funksjonsevne. Gol arbeidssenter gir i dagtilbod til om lag 10 personar. Vi ynskjer å skape ein meiningsfylt kvardag med engasjement og arbeidsglede for våre brukarar. Vi søkjer ein kollega som likar å arbeide med menneske, likar utfordringa og kan arbeide både sjølvstendig og i team. Næraste overordna vil være områdeleiar for Gol Arbeidssenter. Vi søkjer: Miljøterapeut i 100% fast stilling Arbeidsoppgåver: • Tilrettelegging for og bistand i arbeid og aktivitetar • Personleg bistand under stell og pleie • Opplæring og rettleiing i aktivitetar i dagleglivet (ADL) • Rettleiing i kosthald og fysisk aktivitet • Tilrettelegging for brukarstyrt kvardag • Oppgåva som primærkontakt for ein brukar kan bli tillagt stillinga. Kvalifikasjonar: • 3-årig høgskuleutdanning innafor helse, sosial eller pedagogikk • Eventuelt utdanna fagarbeidar innanfor helse • Førarkort klasse B • Gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg Vi ynskjer at du har: • Kunnskap om og erfaring med menneske med autisme og utviklingshemming • Arbeidsglede og engasjement • Gode samarbeidsevner • Kompetanse i behovskartlegging og utarbeiding og evaluering av tiltaksplanar • Kjennskap til arbeid med kapittel 9 (tvang og makt) og bruk av fysisk intervensjon • Erfaring i bruk av velferdsteknologi for brukarane Vi tilbyr: • Varierte og spennande arbeidsoppgåver og utfordringar • Fagleg rettleiing • Hyggelege kollegaer • God pensjonsordning • Hjelp til å skaffe bustad og evt. barnehageplass For stillinga gjeld: • Tilsetting etter lov og avtaleverk Anna: • Gyldig politiattest må leggjast fram. • Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar. • I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, men det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din. Send søknad: • Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. • Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden. Kontaktperson: Ingebjørg By Teigen tlf: +47 32029118 mob: +47 91673976
Gol kommune