Masfjorden kommune

Masfjorden kommune ligg midt i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord og kommunane Modalen og Alver i sør.
Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, men øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar.

11/03/2020
SØKNADSFRIST: 31.03.2020 Me søkjer etter ny helse- og omsorgsleiar i Masfjorden kommune. Stillinga har eit overordna ansvar for helse- og omsorgstenesta, og er plassert i rådmannen si leiargruppe. Den som vert tilsett vil i stor grad kunne vere med på å påverke tenesteprofilen til kommunen. Helse- og omsorgsleiar har overordna ansvar for legetenesta, helsestasjon, sjukeheim, heimetenesta, psykisk helseteneste, fysioterapi/ergoterapi, bu- og avlastingsting og NAV. Arbeidsoppgåver overordna styring og leiing av avdelingane heilskapleg ansvar for økonomi og budsjett overordna personalansvar ansvar for å leie og utvikle avdelingane sitt tenestetilbod og arbeids- og fagmiljø handsaming av saker for eige område til politiske organ Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben. Kvalifikasjon har helsefagleg/sosialfagleg høgskuleutdanning leiarerfaring og gode resultat frå personalleiing og budsjettstyring god økonomi- og budsjettforståing kjennskap til offentleg forvaltning kommuniserer godt, og har ein tydeleg og inkluderande leiarstil er løysings orientert og har vilje til utvikling og samarbeid skapar gode relasjonar og resultat gjennom samarbeid med tilsette og deira tillitsvalde har god arbeidskapasitet med evne til å prioritere og delegere er nytenkjande og vil arbeide med endring og utvikling Personlege eigenskapar for stillinga vil bli tillagt stor vekt. Me tilbyr ei sjølvstendig stilling med eit stort handlingsrom erfarne medarbeidarar i administrasjonen og i leiinga løn etter avtale god pensjonsordning i KLP tilsetting i tråd med gjeldande lov- og avtaleverk prøvetid på 6 månader Nynorsk vert nytta som arbeidsspråk. Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest og utfylt MRSA- og tuberkuloseskjema. Attestar og vitnemål må leggjast fram i samband med intervju. Slik søkjer du Søk elektronisk via heimesida til kommunen. https://www.masfjorden.kommune.no/ledige-stillingar2/ Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt Masfjorden kommune 56166200. Kontaktperson: Rådmann Svein Helge Hofslundsenge tlf: +47 56166215 mob: +47 90624235
Masfjorden kommune