Stord kommune

Om Stord

Stord ligg sentralt i Sunnhordland mellom Stavanger og Bergen. Kyststamvegen E39 går over Stord, og Stord lufthamn har faste daglege ruter til og frå Oslo. Kommunen utgjer den sørlege delen av Stordøy i tillegg til den mindre øya Huglo. Nord på Stordøy ligg Fitjar kommune. Gjennom  Trekantsambandet er Stord landfast med Bømlo og Haugalandet/Haugesund.

Vekst og endring

Stordsamfunnet har i heile etterkrigstida vore prega av vekst og endring. Skipsbyggings- og seinare den oljeretta industrien har vore motoren i næringsutviklinga.

Samfunnet er som næringslivet internasjonalt retta. Det fleirkulturelle samfunnet gjer at ein er opne for variasjon, nye idear og tankar til beste for komande generasjonar.

Alt er nært

Ikkje minst er Stord byen og senteret i regionen Sunnhordland med mange og varierte tilbod innan privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett og kultur.

Byen sine unike fortrinn er at ”alt er nært”; både fjord og fjell, kulturtilbod, arbeidsplassar, offentlege etatar, handelssentra og uteliv.

09/05/2019
SØKNADSFRIST: 07.06.2019 Det er ledig 50% fast stilling som jordmor frå 01.07.19 Førebyggjande helsetenester har ansvar for helsestasjon 0-5 år, skulehelseteneste 6-20 år, svangerskaps- og barselomsorg, fysioterapiteneste til born/ungdom, helsestasjon for ungdom, flyktninghelseteneste og smittevern/reisevaksinering. Tenesta skal fremje psykisk og fysisk helse, gode sosiale og miljømessige forhold og gjennom helsefremjande og sjukdomsførebyggjande arbeid, medverke til ei god folkehelse. Arbeidsoppgåver: Svangerskapskontrollar etter nasjonale retningsliner for svangerskapsomsorga Oppfølging i barseltid, m.a. tidleg barselbesøk/heimebesøk Drift av barselgrupper, i samarbeid med helsesjukepleiar Vidareutvikling av svangerskaps- og barselomsorga gjennom prosedyrearbeid og kvalitetsutvikling Undervisning og oppfølging av jordmorstudentar Tilvising til spesialisthelsetenesta, evt. andre tenester Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar Dokumentasjon i tråd med nasjonale føringar Jordmortenesta har fokus på tidleg innsats i høve til vold/overgrep, rus og psykiske reaksjonar i svangerskap og barseltid Kvalifikasjonar: Autorisasjon som jordmor Relevant erfaring frå svangerskaps-, føde og barselomsorg vert vektlagt Søkjar må beherske norsk, munnleg og skriftleg Den som vert tilsett må ha førarkort og disponera eigen bil Me ønskjer ein person som: Er ansvarsbevisst, nøyaktig, og strukturert Er fagleg oppdatert og engasjert i fagleg utvikling og kunnskapsbasert praksis Har erfaring innan fleirkulturelt arbeid Har høg arbeidskapasitet, er påliteleg, fleksibel, og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Har evne til å arbeide målretta og sjølvstendig Det vert lagt særskilt vekt på personlege eigenskapar Me kan tilby: Eit positivt og godt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver Inkluderande arbeidsmiljø - IA bedrift Bedriftshelseteneste Høgt faglig nivå Etablert tverrfagleg samarbeid Opplæring og oppfølging av 2 erfarne jordmødrer Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk. Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato. Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje. Kontaktperson:  Birthe Blokhus , birthe.blokhus@stord.kommune.no Søknadsfrist:   07.06.19
Stord kommune