09/02/2018
SØKNADSFRIST: Sjå kvar enkelt stilling
SOMMARVIKARAR I OMRÅDE AUST
Om arbeidsstaden
Heimetenesta i område aust og Vetleflaten omsorgssenter er samorganisert. På Vetleflaten omsorgssenter er det 64 brukarar fordelt på 4 grupper. Omsorgssenteret har også ein dagavdeling.
Avdelingar
Vetleflaten omsorgssenter pleie
Heimetenesta heimesjukepleie
Heimetenesta praktisk bistand / heimehjelp
Me søkjer
Sjukepleiarar / vernepleiarar / andre med 3 årig helse og sosialfagleg utdanning
Hjelpepleiarar / helsefagarbeidarar / omsorgsarbeidarar / assistentar
Studentar / elevar
Er du engasjert og har "stå på vilje", trygg, omsorgsfull og har interesse for å arbeide med menneske, er du velkomen til å søkja sommarjobb hjå oss. Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar. Tilsetjing fortløpande.
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling - eit godt tverrfagleg og sosialt miljø - gode forsikrings- og pensjonsordningar - løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søknad
Me treng ferievikarar i perioden 18. juni til 19. august. Me ynskjer at du arbeider lengst mogeleg av perioden og ber om at det vert oppgjeve kva for periode søknaden primært gjeld og kva avdeling du ynskjer. Det er ønskjeleg med avtale på minimum 4 veker. Kommunen har bil, moped, sykkel, el-sykkel til disposisjon for sommarvikarar i heimetenesta.
Kontakter
Navn: SIREN VETHE Tittel: Avdelingssjukepleiar E-post: Siren.Vethe@voss.kommune.no Mobil: 97997196 Arbeid: 97997196 Navn: Bodil Synnøve Lie Reime Tittel: Avdelingsleiar heimesjukepleie omr.aust E-post: bodil.lie.reime@voss.kommune.no Mobil: 99207119 Navn: IREN ØVSTEDAL STALHEIM Tittel: Områdeleiar aust E-post: iren.o.stalheim@voss.kommune.no Mobil: 91809566 Søknadsfrist: 18.04.2018 ----
SOMMARVIKARAR I OMRÅDE VEST
SØKNADSFRIST: 30.04.2018
Om arbeidsstaden
Område Vest er alle avdelingane som har sin base i Voss Sjukeheim. Voss Sjukeheim finn du vegg i vegg med Voss Sjukehus. Frå Voss sentrum brukar du få minutt på å køyre eller gå opp til oss. Avdelingane i 2,3 og 4 etg har godt utsyn over Vossabygda. Voss Sjukeheim har ein stor sjukeheimshage som me ynskjer nytte mest mogeleg gjennom sommarmånadane, her vil du også i år finne "Ut på Tunet" tilbodet med lamb, høns og kaniner i hagen. Me har også el.sykkeltaxi der du med opplæring kan ta turar rundt om i bygda med brukarane våre. På dag/kveld/helg har heimesjukepleien i sone vest ansvar for heimebuande i vårt område. På natt er det heimesjukepleien sone vest som server heile kommunen. Vår dagavdeling har eit tilrettelelagt tilbod for heimebuande personar med Demens 3 dagar i veka, dei andre dagane er dagavdelinga open for bebuarar på huset. Dei har eit aktivt tilbod innan musikk og kulturelle innslag. Voss Sjukeheim nyttar også Friskus, der du gjerne kan verte medlem hjå oss.
Område Vest består av:
Voss Sjukeheim - Korttidsavdelinga + ØH-senger i 2 etg, langtidsavdelingane 3 og 4 etg.
Heimesjukepleien sone Vest samt heimehjelp
Dagavdeling ved Voss Sjukeheim
Avd. for Fellestenester - Har ansvar for: Sjåfør/vaktmeister, Hjelpemiddellager, Vaskeri Voss Sjukeheim, Reinhald Voss Sjukeheim og Vetleflaten Omsorgssenter
Me søkjer
Avdelingane ved Voss Sjukeheim og Heimetenesta søkjer: Sjukepleiarar / vernepleiarar / andre med 3 årig helse og sosialfagleg utdanning, Hjelpepleiarar / helsefagarbeidarar / omsorgsarbeidarar / assistentar samt Studentar / elevar. Avd. for Fellestenester søkjer: Sjåfør/vaktmeister med førarkort klasse D1, m/ kompetansebevis for yrkessjåfør, hjelp på Hjelpemiddellager, sommarhjelp på Vaskeriet Voss Sjukeheim samt Reinhaldarar ved Voss Sjukeheim og Vetleflaten Omsorgssenter.
Er du engasjert og har "stå på vilje", trygg, omsorgsfull og har interesse for å arbeide med menneske, er du velkomen til å søkja sommarjobb hjå oss. Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar. Tilsetjing fortløpande.
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling - sommarvikarkurs - eit godt tverrfagleg og sosialt miljø - gode forsikrings- og pensjonsordningar - løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søknad
Me treng ferievikarar i perioden 18. juni til 19. august. Me ynskjer at du arbeider lengst mogeleg av perioden og ber om at det vert oppgjeve kva for periode søknaden primært gjeld og kva avdeling du ynskjer. Det er ønskjeleg med avtale på minimum 4 veker. Kommunen har bil, moped, sykkel, el-sykkel til disposisjon for sommarvikarar i heimetenesta.
Kontakter
Helene Berge Flatekvål, Leiar, E-post: Helene.B.flatekval@voss.kommune.no Mobil: 99322130
HÅKON GRIMESTAD, Driftsleiar reinhald/vaskeri/kjøkken, E-post: Haakon.Grimestad@voss.kommune.no Mobil: 48014581
Cathrine Seim-Haugen, Avdelingssykepleier, E-post: cathrine.seim-haugen@voss.kommune.no Mobil: 91393284
Solveig Liseth Vik, Sjukepleier, E-post: Solveig.L.Vik@voss.kommune.no Mobil: 47682611, Arbeid: 56521543
MARIANNE LIDSHEIM, sjukepleiar, E-post: Marianne.Lidsheim@voss.kommune.no Mobil: 97997117, Arbeid: 56 52 15 33
INGRID DAGESTAD, E-post: Ingrid.Dagestad@voss.kommune.no Mobil: 99207113, Arbeid: 6521512
SOMMARVIKAR I AVDELING FOR MENNESKER MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE
SØKNADSFRIST: 16.04.2018
Om arbeidsstaden
Fellesbustadane er døgnbemanna butilbod for personar med nedsett funksjonsevne. Her legg me vekt på fysisk aktivitet, sansestimulering og brukardeltaking, for å gi bebuarane ein variert og god kvardag i eigen heim. Avlastning er ein institusjon for barn og unge med nedsett funksjonsevne. Me har hovudfokus på aktivitetar, sjølvstende og deltaking i dagleglivet og legg stor vekt på å skapa eit heimleg miljø med rom for individuelle behov.
Avdelingar:
Skulestadtunet bufellesskap
Skulestadvegen bufellesskap
Vetleflaten omsorgsbustader
Bjørgemarka fellesbustad
Lekvebakken bufellesskap
Avlastingsinstitusjon for barn og unge
Nyhagen aktivitetssenter
Arbeidsoppgåver
Tilsett skal vera ein støtte og rollemodell for brukar på alle områder. Me legg vekt på brukardeltaking. Tilsette skal ha fokus på aktivitet og hjelp til sjølvhjelp. Arbeidsoppgåvene varierer frå stell og pleie, huslege gjeremål til trening, oppfyljing av helse, samarbeid med andre etatar og pårørande. Alle brukarane har tiltaksplanar og dokumentasjon skal gjerast i fagprogrammet Gerica. Du må kunna nytta dataverktøy.
Verdiane våre er: profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
Me søkjer
Vernepleiarar /sjukepleiar og andre med 3 årig helse og sosialfagleg utdanning
Hjelpepleiarar / helsefagarbeidarar / omsorgsarbeidarar / assistentar
Studentar / elevar
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar. Du bør ha evne til å arbeida målretta, vera uthaldande og trygg. Me ynskjer deg som er engasjert, ansvarsbevisst, god i kommunikasjon og er oppteken av gode løysingar saman med brukar og kollega. Alle våre vikarar må ta nettbasert kurs i legemiddelhandtering og innføring i omsorgsyrket helst før start eller den fyrste veka. Det er krav om politiattest før fyrste arbeidsdag.
Me treng ferievikarar i perioden 20. juni til 21. august Me ynskjer at du arbeider lengst mogeleg av perioden og ber om at det vert oppgjeve kva for periode søknaden primært gjeld. Det er ønskjeleg med avtale på minimum 4 veker. Gi opp i søknaden kva avdeling du søkjer på og kva periode. Avdelingane har turnusordning, dei fleste med alternativ arbeidstidsordning.
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling - eit godt tverrfagleg og sosialt miljø - gode forsikrings- og pensjonsordningar - løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søknad
Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.
Kontakter
GULLBORG OSGJERD REKVE, Verksemdsleiar, E-post: gullborg.o.rekve@voss.kommune.no Mobil: 99207116
HEIDRUN MOEN. Leiar, E-post: Heidrun.Moen@voss.kommune.no Mobil: 97050363
MARIANNE MELVE, Vernepleier, E-post: Marianne.Melve@voss.kommune.no Mobil: 97050359
LENE GRIMESTAD, Avdelingsleiar ved Bjørgamarka Bufellesskap, E-post: lene.grimestad@voss.kommune.no Mobil: 95262001
Liv Finne Nybø, Fagleiar, E-post: liv.f.nybo@voss.kommune.no Mobil: 97997131
Asa Gunnarsdottir, asa.gunnarsdottir@voss.kommune.no Mobil: 95262096, Arbeid: 56514670
HANNE TOMBRE, hanne.tombre@voss.kommune.no Mobil: 97997165, Arbeid: 48014552
Voss kommune
Voss, Norge