10/01/2018

Miljøarbeidar - KF Innvandrarsenteret

  • Flora kommune
  • Flora, Norge
Bygg og anlegg Helse - Sosial - Omsorg

Stillingsbeskrivelse

florakommune_top_ny.jpg

SØKNADSFRIST: 25.01.2018



KF Innvandrarsenteret i Flora skal frå 1. mars tilsette ein miljøarbeidar i 50% fast stilling. Stillinga høyrer for tida til staben på Solbakken asylmottak.

Til miljøarbeidarstillinga er det ingen formelle krav til utdanning, men vi ynskjer ein nevenyttig person med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Vi vil legge vekt på kunnskap om generelt vedlikehald av hus og personlege eigenskapar ved tilsetjing.

Til begge stillinga kan vi tilby utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit travelt arbeidsmiljø, med kontor på Solbakken i Jakob Sandevegen 14. Vi tilbyr god intern og ekstern opplæring. Tilsetting skjer på vanlege kommunale vilkår. Lønn etter avtale.

Du må vere positiv, målretta og resultatorientert, kunne arbeide sjølvstendig, vere fleksibel og initiativrik og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Fleirkulturell kompetanse er ein fordel. Du må kunne uttrykke deg godt, skriftleg og munnleg, både på norsk og engelsk.

Arbeidet er hovudsakleg på dagtid, men noko arbeid om ettermiddag og kveld kan påreknast. Sidan arbeid med asylsøkarar og flyktningar er prega av tett politisk styring og raske endringar i rammeføresetnadane, kan arbeidsavtalen bli endra på kort varsel.

Kopi av attestar og vitnemål, samt politiattest, skal leverast etter nærare avtale.

Vi oppfordrar menn og personer med innvandrarbakgrunn om å søke stillingane.

Kontakter

Ansettelsesform

Fast

Søk nå