09/11/2017

Lærar Fiskå skule

  • Vanylven kommune
  • Vanylven, Norge
Undervisning - Pedagogikk

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: Snarast

Det er ledig ei fast stilling som lærar ved Fiskå skule i Vanylven kommune frå 01.01.2018 

StillingsID 513

Kommunen har fire skular; Myklebust barne- og ungdomsskule, Fiskå barneskule, Åheim barne- og ungdomsskule og vaksenopplæringa. Meir informasjon om skulane våre finn du på heimesidene til skulane: https://www.vanylven.kommune.no/kultur-og-oppvekst/

Vanylven kommune er med i pulje 7 i den nasjonale satsinga vurdering for læring. Vi har fokus på utvikling, erfaringsdeling og samarbeid mellom skulane våre. Vi ynskjer tilsette med god samarbeidsevne, god fagleg kompetanse og evne til å være med å skape ein felles skule i utvikling.

Krav og ynskje til stillingane:

•allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning 1-7 eller 5-10
•ønskjeleg med minimum 30/60 studiepoeng i basisfag
•anna relevant utdanning
•ønskjeleg med erfaring frå læraryrket
•god pedagogisk digital kompetanse
•personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi søkjer deg som er:

•utviklings- og løysingsorientert
•ein klar og tydelig klasseleder
•god til å tenkje heilskapleg rundt barns oppvekstmiljø
•omgjengelig, initiativrik og fleksibel
•flink til å planlegge og gjennomføre undervisning
•opptatt av elevenes læringsutvikling og elevvurdering
•bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø

Vi kan tilby:

•Aktive og motiverte elevar
•Eit positivt arbeidsmiljø med flotte kollegaer
•Eit utviklingsorientert og samarbeidande personale
•Spennande arbeidsoppgåver
•Dyktige og utviklingsorienterte leiarar

Nærare informasjon om stillinga får du med Rektor ved Fiskå skule – Marit Myklebust tlf: 70030371 eller kommunalsjef kultur og oppvekst - Frode Vik tlf: 70030005.

Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. God pensjonsordning. Søknad skal sendast på kommunen sitt søknadsskjema som du finn ved å trykke på "Søk nå" på denne sida. CV skal fyllast inn i søknaden. Gjer vel å oppgje referansar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Ansettelsesform

Fast

Søk nå