15/05/2018

Prosjektstilling kartlegging / avhending fiskerihamner 1,5 års engasjement - Kystverket Sørøst

  • Kystverket
  • Arendal, Norge
Eiendom Forvaltning Juss

Stillingsbeskrivelse

SØKNADSFRIST: 31.05.2018

Senter for eigedom og kultur ved Kystverket Sørøst i Arendal har ansvar for den overordna eigedoms- og kulturminneforvaltninga i Kystverket, og arbeider mellom anna med å utvikle retningsliner for denne forvaltninga på ulike område. Senteret yt også bistand til einingane i Kystverket i einskilde saker som gjeld eigedom. 

Kystverket eig nærare 700 fiskerihamner. Nokre av desse er ikkje næringsaktive, og skal avhendast. Stortinget har vedteke at fiskerihamnene skal overførast til dei nye regionane frå 01.01.2020, og etaten har eit prosjekt for å førebu overføring av eigedomsrettar. I denne samanhengen er det oppretta ei engasjementsstilling på 18 månadar for å bistå i arbeidet med avhending og kartlegging av fiskerihamner.

Arbeidsoppgåver

  • Bistå i arbeidet med avhending av ikkje-næringsaktive fiskerihamner
  • Legge til rette for overføring av eigedomsrettar i fiskerihamner til nytt forvaltningsorgan frå 01.01.2020
  • Strukturere relevante data knytta til fiskerihamner
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Master i rettsvitskap eller tilsvarande
  • Det vil bli lagt vekt på god datafagleg kompetanse

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til samarbeid, koordinering og gjennomføring av prosessar
  • Stor evne til å arbeide sjølvstendig og i grupper
  • Systematisk og løysingsorientert
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Framtidsretta, engasjert og påliteleg

Språk

  • Norsk

Vi tilbyr

  • Eit godt og til tider hektisk arbeidsmiljø med interessante og sjølvstendige arbeidsoppgåver
  • Stillinga er plassert i kode 1434 rådgivar i statens lønsregulativ, frå brutto kr 451.300,- til brutto kr 548.200,-.
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse.

Andre opplysningar:

  • Nyutdanna kan også søke
  • Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben

Kontaktinfo:

Christian Tallberg - Seniorrådgivar - 924 12 645 - christian.tallberg@kystverket.no 
Ivar Sigbjørn Lindås - Seniorrådgivar - 474 50 102 - ivar.sigbjorn.lindas@kystverket.no 

Ansettelsesform

Engasjement, Prosjekt

Søk nå