09/02/2018

Avdelingsleiar 100 % vikariat i Lekvebakken bufellesskap

  • Voss kommune
  • Voss, Norge
Helse - Sosial - Omsorg Ledelse

Stillingsbeskrivelse

vosskommune_top_ny.jpg

SØKNADSFRIST: 26.02.2018

Har du lyst på ein spanande jobb i trivelege bufellesskap på Voss? 

Vikariat frå 01.05.2018-30.04.2019

Lekvebakken er 2 bufellesskap for 12 bebuarar med behov for omfattande tenester. Alle bur i eigne einingar med tilgang til fellesareal. Tilsette arbeider både i bustaden og ute i ordiner heimeteneste. Avdelinga har 31 stillingar , til saman 21 årsverk

Arbeidsoppgåver

  • Avdelingsleiar har eit særskilt ansvar for å realisere kommunalavdelinga sine mål og for at avdelinga bidreg til at kommunalavdelinga gir brukarane eit tenleg tilbod med optimal ressursutnytting
  • Avdelingsleiar har fag, økonomi og personalansvar for sin avdeling og rapporterer til verksemdsleiar.
  • Det vert stilt store krav til heilheitleg og løysingsorientert tenking. Område som har stort fokus :
  • Brukarsikkerheit
  • Informasjon, brukardeltaking og pårørande rolle
  • Avvikshandtering
  • Journalansvarleg
  • Medansvar for å fylgja opp vedteke budsjett
  • Ansvar for lønnsarbeid, månadsrapportering økonomi. Medansvar for årsbudsjett og forslag til tiltak, sjå samanhengar og utvikla tenesta i tråd med brukarane sitt behov , økonomi og samfunnsutvikling.
  • Ansvar for innkjøp 
  • Fakturabehandling -attestering
  • Medansvar for tilsetjing. motivera og utvikla medarbeidarane
  • Sikra at rutinar og prosedyrar er i tråd med lover og forskrifter, samt at desse vert implementert i alle avdelingar
  • Ansvar for at vedtak vert iverksett og avslutta
  • Medarbeidarsamtalar og oppfylging av sjukefråvær

Avdelingsleiar deltek også i det daglige miljøterapeutiske arbeidet i avdelinga og har ansvar for at brukartryggleik, brukardeltaking, rutinar, prosedyrar er på plass og vert fylgt. 

50 % av stillinga er som miljøterapeut og 50 % er administrativt.

Me søkjer

  • Vernepleiar med administrativ erfaring. Du må ha evne til å tenkja heilheit og bør ha erfaring i arbeid med menneske med utviklingshemming. 
  • Du må realisera måla som er fastsett og syta for at kommunen sine verdiar ligg til grunn for alt arbeid.
  • Du må lika å arbeida i eit aktivt miljø, vera engasjert, ansvarsbevist, sjølvstendig. Me forventar at du er oppteken av løysingar og godt samarbeid med brukar og kollegaer.

Det er krav om at du leverer politiattest ved tilsetjing
Du bør ha sertifikat

Me tilbyr

- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Søknad

Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

Kontakter

Navn: GULLBORG OSGJERD REKVE
Tittel: Verksemdsleiar
E-post: gullborg.o.rekve@voss.kommune.no
Mobil: 99207116

Ansettelsesform

Vikariat

Søk nå