09/02/2018

Hagahaugen, Sjukepleiar i 100% vikariat

  • Voss kommune
  • Voss, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 25.02.2018

Vikariat 100%, Tiltredelse omlag 16. april 2018, varighet t.o.m. 18. august 2019.

Me søkjer fagleg engasjert sjukepleiar som kan bidra til eit positivt fag- og arbeidsmiljø i avdelinga. Det er viktig for oss at du er oppteken av kvalitet i arbeidet du utfører, og har fokus på at pasientane skal få ei så god heilskapleg pleie og behandling som mogeleg.

Du vil gå turnus med utgangspunkt i Harstadmodellen der ein jobbar vaktar på 8.5 timer, med jobb annakvar helg. Dette gir moglegheit for eksempelvis skikøyring i vekedagane, medan andre er på jobb, då ein får lengre friperiodar.

Det vil leggjast vekt på personlege eigenskapar.

Politiattest må leggjast fram før tiltreding.

Om arbeidsstaden

Hagahaugen Rehabilitering har sin base på Hagahaugen U2. Avdelinga har eigne rehabiliteringsplassar, vekselpleie, og- tryggleiksplassar fordelt på 12 rom. Hagahaugen ligg i flotte omgivnader ca. 7 minutt køyring frå Voss sentrum.
Me har eit godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar som jobbar godt saman i tverrfagleg team. Personalgruppa er inkluderande og er open for nye løysingar og idéar.

Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar i avdelinga deltek du i det rehabiliterande arbeidet der me har fokus på funksjons- og meistringsevne slik at pasientane kan gjenvinne/beholde funksjon og vera aktive i daglegliv, arbeidsliv og samfunnliv. Pasienten står sentralt i eigen rehabiliteringsprosess. I tillegg vil du måtte utføra vanlege sjukepleieoppgåver som legemiddelhandtering, koordinering av tenester, sjukepleiefaglege observasjonar, tiltak og oppfølging av pasientar. Du vil bidra til å sikre forsvarleg pleie- og omsorgstenester, og at oppgåver utførast i tråd med kvalitetskrav og lovverk. 

Me tilbyr

- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Søknad

Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål vert å ta med ved evt. intervju.

Kontakter

Navn: Ingeborg Hellesnes Uppheim
Tittel: Verksemdsleiar
E-post: Ingeborg.H.Uppheim@voss.kommune.no
Mobil: 41704932

Navn: Hege Cathrine Pettersen
Tittel: Avdelingsleder
E-post: hege.c.pettersen@voss.kommune.no
Arbeid: 56520636

Ansettelsesform

Vikariat

Søk nå